Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no

Fysioterapijournalar - overføring til fjernarkiv

Printer-ikon  Utskriftsvennlig versjon

Føremål

Forsvarleg handtering og arkivering av journalar i fysioterapitenesta

Gjeld fysioterapijournalar (papirjournalar) som skal til fjernarkivering. Ergoterapeutjournalar kan handterast på same måte

Ansvar

Leiar for tenesta har overordna ansvar for forsvarleg journalhandtering og arkivering i tenesta. Den enkelte fysioterapeut er ansvarleg for å handtere journalar etter lovverk og retningsliner.

Ved mors:
Fjern all plast, binders, stiftar o.l. og legg papirjournalen i mappe i arkivskapet på fysioterapikontoret for gjeldande år for mors.
NB! Journalen/kassene skal KUN innehalde papir!
Omslaget må vere merka med namn (etternamn, fornamn), fødselsdato og dato for siste kontakt. Etter 5 år kan journalar leverast til fjernarkivering.
Ein bør samle opp journalar slik at ein leverer tilnærma fulle kasser. Journalane skal leggast i kasser som ein får på servicekontoret og ein fyller ut ei liste pr. kasse.

NB! Listene skal leggast ved på minnepinne (ikkje i papirformat)
Mal for listene ligg på F:Avdeling-Helseavd-Fysioterapi og har filnamn: Mal avlevering fysioterapi til fjernarkiv.
Merk kassene med boksnummer og Fysioterapijournalar til fjernarkiv

Pasientar som har flytta:
Dersom pasientar har flytta frå kommunen og det er svært lite trulegat dei vil kome tilbake som pasientar, kan også desse journalane leverast til fjernarkivering på same måte. Dei må ha vore oppbevarte i min. 5 år i nærarkivet