19. mai 2012
ARKIVPLAN FOR VOLDA KOMMUNE - FEBRUAR 2012
SØK
ADMIN
Til fremsiden
KAI samhandlingsrom
Organisering/Ansvar/Plan
Politisk organisering
Administrativ organisering
Arkivorganisering
Ansvar og instruksar
Reglement
Sentrale omgrep
Lover og forskrifter
Sentralt regelverk
Lokalt regelverk (Tom mappe)
Rutinar
Daglege rutinar
Periodiske rutinar
Spesialrutinar
Kvalitetssikring
Oversyn
Arkivskaparar og arkivserier
Elektroniske system
Arkivdepot
Depotordning
Reglement
Katalog
Arkivplan for Volda kommune - februar 2012
Føremål for arkivplan i Volda kommune
Denne arkivplanen skal til ei kvar tid vere retningsgjevande for korleis all dokumentasjon som kommunen treng i sine daglege gjeremål eller har plikt til å oppbevare for ettertida skal registrerast, oppbevarast og nyttast. Den skal vise kva arkivet omfattar og korleis det er organisert. Det er eit krav i forskriftene til arkivlova at kommunane skal ha ein slik plan (forskr. § 2-2). For at planen til ein kvar tid skal vere aktuell, må den jamnleg oppdaterast og ajourførast. Dette skal skje minst ein gong i året. Dei arkivplanane som er gått ut av bruk skal arkiverast.
Administrasjonssjefen har det overordna arkivansvaret.
Arkivleiar har det daglege ansvaret for arkivtenesta og utarbeidar verksemsdplan. Godkjend verksemdsplan skal vere med i kommunen sin årsplan.
I kommunen er det rådmannen som har det overordna arkivansvaret (jfr. Arkivforskrifta §1-1). Som rådmann i Volda kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setje seg godt inn i og følgje retningslinene i arkivplanen.
Planen er godkjent av kommunestyret K-sak 6/12
Volda kommune 2. februar 2012
Rune Sjurgard
rådmann
Created by
NXC AS